BALANSE BYGGTømrarfirma på Stord
Moderne bustad med mørk trekledning i vestlandsk natur

Tømrarfirma på Stord

Me er berebjelken i prosjektet ditt.

Frå oppussing og tilbygg til ein heilt ny heim – med godt handverk og tett dialog frå første teikning til siste list.

Kva skal du byggje?

To vegar til eit betre hus

Daniel Malkenes Dahl studerer teikningar på byggjeplassen

Slik jobbar me

Godt samarbeid byggjer gode resultat.

Balanse Bygg er eit lite firma, og det merkar du. Me har til ei kvar tid fokus på tett dialog, slik at du skal kjenne deg trygg på at du vert høyrd gjennom heile byggjeprosessen.

  1. 01Me lyttar først

    Prosjektet startar med ein prat og ei synfaring. Me vil forstå korleis du bur, og kva du eigentleg treng.

  2. 02Tydelege planar

    Du får ein ærleg gjennomgang av løysingar, tidsbruk og pris – før det første bordet vert kappa.

  3. 03Du er med heile vegen

    Undervegs held me deg oppdatert, og du har alltid ein fast kontaktperson å ringje til.

Idéhus i Sunnhordland

Din lokale partnar når du skal byggje ny bustad

Balanse Bygg er Idéhus-forhandlar for Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. Idéhus har teikna og kvalitetssikra norske hus sidan 1976 – me sørgjer for at huset ditt vert bygd skikkeleg, her heime.

4
kommunar me dekkjer
1976
Idéhus vart etablert
Gratis
tomtesynfaring
Éin
fast kontakt heile vegen

Folka bak

Du veit kven du ringjer til

Meir om oss
Portrett av Daniel Malkenes Dahl

Daniel Malkenes Dahl

Dagleg leiar

Tømrar med eit stort engasjement. Høgt fokus på kvalitet og yrkesstoltheit. Jobbar hardt for din husdraum.

948 24 310
Portrett av Thor-Jonny L. Heggelund

Thor-Jonny L. Heggelund

Byggjeleiar

Tilflytta stril, opphavleg frå Nordhordaland. Driv i dag eit småbruk innst på Almås saman med forlovede og eitt barn. Har eit brennande engasjement for husbygging og for å realisere andre sine husdraumar. Ein morgonfugl med høg moral.

953 31 997

Har du eit byggeprosjekt i tankane?

Fortel oss kva du drøymer om, så kjem me gjerne på ei uforpliktande synfaring.