BALANSE BYGGTømrarfirma på Stord

Tenester

Store og små tømrarjobbar – gjort skikkeleg

Uansett om du treng ein ny terrasse eller vil byggje på huset, får du same tette oppfølging. Treng du hjelp med eit prosjekt som ikkje står her? Ta kontakt likevel.
Lyst interiør med innebygde hyller i eik

Fornye det du har

Mange hus har meir å gje. Me hjelper deg å oppgradere bustaden slik at han passar livet ditt i dag.

  • Rehabilitering og oppussing

    Etterisolering, nye vindauge, ny kledning og innvendig oppgradering.

  • Kjøkken og innvendig snekring

    Montering av kjøkken, innreiing, listverk og andre detaljar.

Tilbygg med vertikal trekledning og ny terrasse

Meir plass

Når familien veks eller behova endrar seg, er eit tilbygg ofte ei betre løysing enn å flytte.

  • Tilbygg og påbygg

    Frå eit ekstra soverom til ein ny etasje – tilpassa huset som står der.

  • Garasjar og uteboder

    Solide bygg med god plass til bil, verktøy og sesongutstyr.

  • Terrassar og uteområde

    Plattingar, rekkverk og levegg som tåler vestlandsvêret.

Nybygg og bustadprosjekt

Som Idéhus-forhandlar byggjer me nye einebustader og hytter i Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes – med ferdig teikna husmodellar som kan tilpassast deg.

  • Gratis og uforpliktande tomtesynfaring
  • Hjelp med val av husmodell
  • Éin fast kontakt frå start til slutt
Tømrar frå Balanse Bygg monterer vindauge i nybygg

Har du eit byggeprosjekt i tankane?

Fortel oss kva du drøymer om, så kjem me gjerne på ei uforpliktande synfaring.